Håp gjennom sinnet sine svingningar

Onsdag 17.september kl 19.30 inviteres du til en spennende kveld hvor Helge Ferstad (62 år) deler fra sin erfaringsbaserte kunnskap om å leve med psykiske helseutfordringer.

Helge har levd med den alvorlege psykisk sjukdommen “bipolar lidelse 1” i 40 år. Dette er ein stemningssjukdom som varierer frå at ein person er svært oppstemt (manisk), til å vere veldig nedstemt (deprimert). Gjennom desse erfaringane opplever eit menneske to svært ulike kjenslemessige og krevjande påkjenningar.  Mellom periodar med svinging er dei fleste normalt fungerande, og kan fungere godt i jobb og delta i andre sosiale nettverk.

I aktive sjukdomsfaser endrar atferda, følelsane og tankesettet hos den sjuke . Gjennom depresjon vil til dømes ein utadvendt person ofte isolere seg og oppleve gjennomgripande sosial angst. All kontakt med tidlegare nettverk kan føre til ein uønskt avstand. Avstanden kan òg skuldast dårleg dømmekraft og impulsive handlingar når personen er høgt oppe. (manisk).

Helge Ferstad er svært oppteken av å dele av sine erfaringar etter å ha levd med denne sjukdommen i ei årrekke. Slik han ser det er det viktig å styrke kunnskapen om denne helsesvikten. Han har vore ein mykje brukt foredragshaldar på høgskular i Sør-Norge. I tillegg har han undervist i dette temaet til ulike frivillige organisasjonar.

I 2023 gav han ut boka «Det dagblinde Folket». Ei sjølvbiografisk bok om mani og maktesløyse under behandling med tvang. Boka er no mellom anna pensum på høgskular med utdanning i psykisk helsefag.

Under temakvelden i Misjonssalen Sandnes vil han dele korleis langvarige depresjonar har vore med å påverke han. På bakgrunnen av denne sinnstilstanden vil han reflektere over korleis det er å komme ut av isolasjonen etter langvarig depresjon. Eit viktig fokus er dei  utfordringane og kjenslemessige dilemma han har opplevd til det kristne fellesskapet. Han trur dette er aktuelle ting å snakke om ikkje berre for dei med psykisk helsesvikt. Dette kan gjelde fleire med kronisk sjukdom, menneske som lever i sorg eller for personar som av ulike grunnar blir isolert frå sine nære nettverk.

Spørsmålet blir mellom anna korleis eit opplevd utanforskap kan hindrast. Dette er ei komplisert utfordring i både små og  store fellesskap. Håpet er nært knyta til kunnskap.

Gjennom ny innsikt skaper det eit litt betre grunnlag for kommunikasjon. Målet må vere at vi blir litt klokare. Slik kan alt samanfattast gjennom å vise nestekjærleik i praksis.

Det vert enkel servering (kaffe/kjeks). Møtet blir i Møteplassen. Bruk hovedinngangen.

Neste
Neste

Go’Helg - Program